Vil styrka bygdene gjennom nytt prosjekt

Gjennom satsinga Gode VIBar skal arbeidsgrupper frå Vikebygd, Imsland og Bjoa jobba fram nye prosjekt som kan fremma bygdene for nye innbyggarar, ny næring og som reisemål.

Engasjementet var stort under idéverkstaden, og det blei knapt plass til alt på arka. Svein-Erik Larsen, Grannar

I mai deltok grendeutvala i Bjoa, Imsland og Vikebygd på idéverkstad for idear som kan auka bulyst, skaparlyst og besøkslyst i dei tre bygdene. Ideane frå verkstaden er utgangspunktet når arbeidsgrupper nå skal gira opp attraktivitetssatsinga si gjennom Gode VIBar (VIB = Vikebygd, Imsland og Bjoa).

Ei ressursgruppe med utvalde representantar frå dei tre grendene, Vindafjord kommune og Rogaland fylkeskommune har etter sommarferien jobba med innspela etter idéverkstaden, og har byrja arbeidet med å konkretisera realistiske og gjennomførbare prosjekt. 

Skal velja ut prosjekt

Gruppa sitt hovudmål er å auka talet på innflyttarar i dei tre bygdene, primært i aldersgruppa 0-45 år. Dette vil ein oppnå gjennom konkrete innovasjonsprosjekt knytt til bustadar, næringsutvikling og reiseliv.

Arbeidet med å velja ut konkrete prosjekt blir nå tatt vidare av tre ressursgrupper og ei styrings-gruppe. Grendeutvala har blitt oppfordra til å finna to ressurspersonar frå kvar bygd til dei tre gruppene, som vil bli blanda med personar frå dei ulike grendene.

Løfta i lag

– For å lukkast med stadutvikling og målet om fleire innbyggarar, er det avgjerande å arbeida saman. Det er viktig å ha eit eigarforhold til staden, og det er avgjerande å ha med lokalt næringsliv. Gode VIBar starta bra frå starten av ved å sjå fordelen av å løfta i lag om felles utfordringar, seier Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord.

Gode VIBar er eit underprosjekt av Vakre Vindafjord, attraktivitetsprosjektet som sidan 2018 har jobba for meir systematisk marknadsføring av kommunen som eit attraktivt bualternativ.  Fleire aktivitetar er gjennomført sidan 2018,  og Gode VIBar er den nyaste satsinga.

Rogalandsmodellen

I samband med vidareføringa blei kommunen invitert med i den såkalla Rogalandsmodellen. Det er eit verktøy nytta for stad- og næringsutvikling som fram til 2023 blir gjennomført i fleire distriktskommunar i Rogaland.

– Gjennom Rogalandsmodellen skal me identifisera konkrete stad- og næringsutviklingsprosjekt som bygger på spisskompetansen og fortrinna kommunen har, og korleis me kan bruka ressursane til å skapa nye tilbod. Nytenking er viktig for å nå målet, samstundes som ein skal styrka eksisterande aktivitet. Det vil også bli sett fokus på aktivitet som vil gjelda heile kommunen. Vindafjord har eit innovativt og spanande næringsliv som vil vera attraktivt for framtidige busette, seier prosjektleiar Heidi Skifjell i Rogaland Fylkeskommune.

Viktig verktøy

Rogalandsmodellen vil vera eit viktig verktøy i arbeidet for auka folketal i Vindafjord, meiner Sandvik.

– Rogalandsmodellen skal løysa konkrete utfordringar gjennom eit samarbeid med interne og eksterne ressursar. Fylkeskommunen si rolle er blant anna å hjelpa til med å skaffa den rette kompetansen som saman med lokale krefter kan løfta prosjekta, samt gi råd om økonomiske verkemiddel som kan knytast til aktivitetane.

Stort engasjement

Rogalandsmodellen skaper engasjement og sikrar samarbeid mellom regionalt og lokalt nivå, lokalt næringsliv, grendeutval og engasjerte enkeltpersonar. Rogalandsmodellen skal sikra gjennomføring av spennande innovasjonsprosjekt, og då blir det veldig kjekt å jobba.

Engasjementet i gruppa er stort, og eg har stor tru på prosjektet Gode VIBar i Vindafjord og Rogalandsmodellen som metodikk for fleire prosjekt i kommunen. Det er også viktig og kjekt at me har med Fikse næringsforening og Medvind24 Næringshage med i dette arbeidet. Dei er viktige med tanke på lokale verkemiddel, kjennskapen til lokalt næringsliv og fordelen av kontinuitet frå næringslivet inn i fleire slike prosjekt framover, seier Sandvik.

Rapporten frå idéverkstaden kan du lesa her (PDF, 7 MB)