Kulturløypa er om lag to kilometer, og store informasjonsskilt eller grupper med skilt formidlar liv og levemåte, handel, næring og utvikling i Sjoargarden dei siste 100 åra. Treng du ein pust i bakken, kan du kvila på ein Vakre Vindafjord-benk.
Føremålet med kulturløypa er å gje auka kjennskap om historia, samtidig som du gjennom bilete og tekst får ei interessant oppleving, anten du er innbyggar eller besøkande. Dette er også ein flott måte for barnehagar og skular å bli kjent med den lokale historia.
Helgebad, korn og sild
Visste du til dømes at folk kunne ta helgebadet på meieriet, at Revehallen blei brukt til pelsdyrutstillingar, at kornmølla var i drift til langt ut på 1900-talet, eller at båten «Sunnhordland» hadde skjenkeløyve?
Undervegs blir du også kjent med historiane til enkeltpersonar. Som jordmor og arrestforvaltar Rakel Rivenes. Ho skal ha tatt imot 830 barn i Ølen. Eller Knut Strømø, som var både var dyktig smed og søndagskulelærar.
På Vakre Vindafjord kan du lesa Gå deg gjennom 100 år historie
Inviterer til offisiell opning
Løypa er eit samarbeidsprosjekt mellom Ølen Grendalag, Ølen Handel og Vindafjord kommune, med mål om å formidla historiar frå fjern og nær fortid i Ølen sentrum. Prosjektgruppa består av frivillige som er særleg interessert i og kan historia knytt til desse punkta i Ølen sentrum.
Torsdag 9. september er det invitert til både offisiell opning av kulturløypa og KUL-TUR. Vil du vera med, er det oppmøte ved Sjøperlo og avgang klokka 16.30. Etter turen i løypa, blir det servert kaffi og kake i Sjøperlo Hall.