Informasjonsmøte - integrering av flyktningar
Frivilligsentralen og Integreringstenesta inviterer til informasjonsmøte for frivillige som vil bidra til integrering av nyankomne flyktningar.
RosZie@Pixabay
Onsdag 3. april kl. 18.00 - 20.00 blir det informasjonsmøte på Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen. Personar som sjølv har kome til kommunen som flyktning er ekstra velkomen.
Program:
Kl. 18.00 - 19.00
- Velkomen
- Presentasjon av integreringstenesta
- Status for busetting
- Behov
- Presentasjon av frivilligsentralen
- Prosjekt velkomstvenn
Kl. 19.00 - 20.00
- Spørsmål og innspel
- Registrering av frivillige
Velkomen til eit uforpliktande informasjonsmøte.
Påmelding
Meldt deg på til frivilligsentralen på telefon 48 18 40 78 eller e-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no
Påmeldingfrist er 2. april 2024.
Kva er ein velkomstvenn?
Eit medmenneske, nokon å støtta seg på i ein etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Velkomstvenner blir kjent med ein anna kultur, samstundes som ein bidreg til at nyankomne flyktningar får kjennskap til det norske språket, kulturen og samfunnet.
Den frivillige velkomstvennen og flyktningen finn på ting saman som begge partar trivast med. Ein kan ha eit fast tidspunkt kvar 14. dag eller meir sporadisk. Eksempel på aktivitetar kan vera:
- invitera på ein kaffikopp eller ein middag
- rusletur i lokalmiljøet eller gå ein fjelltur
- sosiale tilstellingar i bygdene som revy, fiskafestival, fotballkamp m.m.
- inkludering i fritidsaktiviteter
- språktrening og leksehjelp
Dersom datoen ikkje passar, men du syntes dette høyres interessant ut - ta kontakt med frivilligsentralen!
Sist endra 14.10.2024 18.34