Henting av juletre

HIM fortset med henteordninga av juletre også i 2024. Du kan setta juletreet ditt ved avfallsbehaldaren, så tar dei det med seg. 

TanteTati for Pixabay

Henting av juletre inngår i renovasjonsgebyret ditt, og du betaler ikkje ekstra for dette. For at juletreet ditt skal bli henta, må du hugse dette:

  • Juletreet må stå ved avfallsbehaldarane på første tømmedag for restavfall i veke 2 og 3, frå og med mandag 9. januar. Sjekk tømmekalender på nett eller i app for å finna din tømmedag.
  • Ikkje del opp treet, men la det stå heilt. Unntaket er tre over 2,4 meter, som må delast i to.
  • Du har ansvar for å sikra treet dersom det er mykje vind.
  • Hentinga gjelder juletre, ikkje plastjuletre.
  • I nokon områder kjører HIM ekstrabil som hentar juletre. Derfor kan juletreet bli henta eit anna tidspunkt på hentedag enn når restavfallet vert tømt.
  • Borettslag og sameier skal også setta trea ut saman med restavfallet, og har sjølv ansvar for å organisera dette.
  • Gløymde du å setta ut treet ditt til henting? Då kan du levera det gratis i HIM sine miljøparkar.