Haustferien på biblioteket
Biblioteket har ope som vanleg måndag til laurdag i haustferien, og har lagt opp til eit variert program med ulike arrangement kor både store og små kan finna noko av interesse.
castleguard@Pixabay
Hausten er komen
Pixabay
Me håper at mange tek turen innom for å låna bøker, lesa tidsskrift og aviser, treffa kjensfolk eller vera med på eit arrangement. Merk at det er påmeldingsfrist for å vera med på haustsjakk, men at alle som berre vil kikka på sjakkspeling kan ta turen utan å melda seg på.
Me har gaminghjørnet med Minecraft og konsollspel ope frå klokka 11.00 kvar dag. I tillegg kan du vera med på følgande:
Måndag 10. oktober
Kl. 12.00 – Seniorgaming
Kl. 13.00 – Litterært pusterom for vaksne
Onsdag 12. oktober
Kl. 11.00 – Fargelegging
Kl. 12.30 – Høgtlesing for barn
Kl. 16.30 – 19.00 Haustsjakk, ei sjakkturnering med rettleiing av Ivbjørn Nimki. Passar for nybegynnarar, skuleelvar og vaksne. Enkel servering. Påmelding innan 11. oktober på telefon 53 65 58 60
Torsdag 13. oktober
Kl. 15.00 - 20.00 – Brettspel- og gamingkveld.
Kom innom og finn ditt nye favorittspel, og treff andre som likar spel i ulike variantar. Arrangementet er for barn og vaksne, men barn under 8 år må vera i følge med ein vaksen.
Sist endra 06.10.2022 10.03