Vakre Vindafjord er ei eiga nettside om korleis bu, jobba og oppleva Vindafjord. Du finn lenka til den øvst på heimesida til kommunen, eller rett under artiklane på Aktuelt. Eller du kan klikka her.
Har du lyst til å bada, dra på båttur, gå tur eller fiska? Vindafjord byr på naturskattar høgt og lågt. Mellom anna over 100 merka turar frå tilrettelagte løyper til tindeklatring, strender, båthamner og fisking både i sjø, elv og vatn.
Ferietid er også tid for å oppleva dei ni bygdene. Ta ein rundtur, eller bli ekstra godt kjent med eiga bygd eller nabobygda. Kanskje du har lyst til å overnatta i eigen kommune, eta middag ute, besøka Vindafjordmuseet eller slå deg laus i Aktivitetsparken?
Bur du i Vindafjord, er det også kort veg til mange aktivitetar og attraksjonar på Haugalandet, i Sunnhordland og Hardanger. I artikkelen Sjå regionen med Vindafjord som base, finn du over 60 forslag til kva du finn nord, sør, aust og vest for sentrale Vindafjord.
Alt dette, og mykje meir, finn du informasjon om på
Opplev Vindafjord
Me ønsker god sommar, og gode opplevingar i eigen kommune!