Bli med på Sommarles

Endeleg er Sommarles tilbake!

Oversikt over premiestige. Level 10 - armband. Level 20: velg mellom polert stein, jakkemerke, arband eller innhald i diverseskål. Level 30: Slipt stein, skeinebrett, pop-up mobilhaldar, polert stein, lite jakkemerke, innhald diverseskål. Level 40: Vere med i trekking av kinobillett. Velje mellom penal, jakkemerke, polert stein, armband eller innhald diverseskål. Level 50: Vere med i trekking gåvekort. Velje mellom pyritt, stort jakkemerke, armband, polert stein, lite jakkemerke eller innhald i diverseskål - Klikk for stort bilete

I perioden laurdag 1. juni til laurdag 31. august kan du bli med på «Sommarles» om du går i 1. – 7. klasse. Skal du starte i 1.klasse kan du og vere med. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. 

 

Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følge med på kva vennene dine les.

For kvar bok du legg inn, får du XP(poeng) og går etter kvart opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Bøkene må lesast i perioden 1.juni – 31.august.

På Sommarles.no kan du også lese/høyre ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Kvar veke blir det lagt ut eit nytt kodeord knytt til fortellinga. Legg du kodeordet inn på sommarles.no får du ekstra XP.

Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren. Premiar får du når du kjem til level 10, 20, 30, 40 og 50.

Besøk oss på vindafjordbibliotek.no for meir informasjon og gode lesetips.

Me har vanlege opningstider i sommar.