Vindafjordhallen forblir Vindafjordhallen

Namnekonkurransen for den nye symjehallen og bygdehuset i Vats er avslutta, og namnet er landa. Med heile 160 namneforslag fekk juryen mykje å diskutera. 

Takkar for flotte innspel

Namnekomiteen som vurderte forslaga bestod av tre medlemmer, rådgjevar kultur og idrett i Vindafjord kommune Norunn Helland frå Ølen, styreleiar i Vindafjordhallen SA, Janne Aursland frå Vats, og kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune Halfdan Kron Brekke frå Haugesund. 

Namnekomiteen er takksame for det store engasjementet kring namnekonkurransen for den nye symjehallen og bygdehuset i Vats. Det er mottatt over 160 namneforslag. Forslaga er gode og varierte. Komiteen har difor ikkje hatt ein enkel jobb. Eit namn skiller seg likevel ut på 2 områder:

-    Det er klart flest forslag på dette namnet
-    Alle i komiteen hadde det som ein av sine favorittar frå innsendte forslag

Komiteen har i vurderinga lagt vekt på at namnet skal vere enkelt å forstå, representere heile Vindafjord og ikkje klart forfordele ein av funksjonane i bygget. Det er også lagt vekt på at namnet skal vere godt i høve til marknadsføring av symjehallen, som er den mest utadretta del av huset.

Etter ein heilskapleg vurdering har komiteen landa på eit kjent og kjært namn: VINDAFJORDHALLEN

Namnet er godt innarbeidd, famnar heile kommunen og begge funksjonar i bygget.

Vinnar

Det er gjennomført ei loddtrekning bland dei som har forslått Vindafjordhallen
Vinnar av årskortet er Kirsten Sjurseike. Me gratulerer!