Vindafjord kulturskule feirar 50 år
Vindafjord kulturskule er godt i gong med å feira 50-års jubileet sitt, med kafé-konsertar og skulebesøk. 4. mai inviterer kulturskulen til ei stor jubileumsførestilling på Sjøperlo i Ølen.
Då kulturskulen i august starta opp var målet eit jubileumsår som både skulle gjera kulturskulen meir synleg, og enda opp med ein stor jubileumsfest i mai.
Kulturskulen har hatt laurdagskonsertar på dei to nye kaféane i kommunen; Christiansen Bakeri i Ølen og Gamlebanken Kafé i Sandeid. I tillegg har kulturskulen vore på fleire skulebesøk før og etter jul, og haldt konsertar for 4.-7. klasse.
Det store høgdepunkt i dette skuleåret blir jubileumsfesten i storsalen på Sjøperlo, 4. mai klokka 18.00.
Alle som vil komma er hjarteleg velkomne. På scena vil publikum bli presentert for eit variert program med musikk, song, kunst og dans. Ordføraren vil stå for den offisielle opninga. Jubileumskake blir servert i pausen.
Me håpar at så mange som mogleg vil ta turen, og bli med på feiringa i lag med oss
Sist endra 04.05.2023 10.53