UKM arrangerer 3 workshops for barn og unge frå 12-18 år!

Bli med på ei digital workshophelg på Sjøperlo i Ølen 17. og 18. januar 2025.

Meld deg på her. Påmeldingsfrist 15.januar.

Workshop nr 1 - Digital kunst og animasjon med Dorota (kr 100.-)

Bli med på ei inspirerande reise inn i den digitale kunstverda, full av uendelege moglegheiter og kreative verktøy! I denne workshopen er det kun fantasien din som set grenser. Lær ulike teknikkar og triks som hjelper deg med å skapa fantastiske digitale verk – uansett ditt erfaringsnivå eller teikneferdigheiter.

Me bruker appen Procreate, som gjer det både enkelt og gøy å laga spanande kunst. Du får opplæring i appens funksjonar (dersom du trenger det) og me skal utforske forskjellige arbeidsteknikkar og temaer.

Plakat laga av Dorota Cieslar

Gjennom kurset vil me jobba med:

• Å skapa fantasifulle digitale kollasjer

• Å laga korte digitale animasjoner

Dorota Cieslar har jobba over 17 år som kunstlærar på kulturskulen og er eit kjent fjes for mange barn og unge. Ho likar å veksla mellom eller kombinera i saman både dei “analoge” og digitale media.

Workshop nr 2 - DJ- og digital musikkproduksjon med Donald (kr 100.-)

Bli med på ei reisa inn i musikkverda kor du kan sjølv skapa spanande musikkstykke med hjelp av moderne teknologi. Du blir kjende med DJ musikkproduksjon og får erfara korleis du kan bruke ulike digitale utstyr og programmer for å laga dine eigne unike musikalske verk. Du får utrykkja din kreativitet, og du treng ikkje stor musikalsk bakgrunn.

Ikke nøl – du kan bli ein digital musikkdesigner samtidig som du har det moro med andre denne helga!

Du skal:

• Forstå grunnleggjande konsepter i DJ-ing eller musikkproduksjon (tempo, beats og effekter).

• Lage ein egen låt eller spela eit miksesett.

• Oppleve meistringsfølelse gjennom kreativ læring.

• Få innblikk i korleis ein kan jobba videre med musikkteknologi heime.

Donald Sefa er gitarlærar på kulturskulen i Tysvær, DJ og spelar i band. På fritida komponerar han musikk og sit med mykje variert erfaring både i musikk, undervisning, liveopptredenar og skapande arbeid. 

Workshop nr 3 - Penn- og papir rollespel med Marius

Rollespel kan omtalast som ei «kollektiv historieforteljing». Ein spelmeister styrar forteljinga ved å skildra verda og kva som skjer, mens dei andre spelarane styrar kvar sin karakter i historia. Ein har eit ark med oversikt over evnene til karakteren ein styrar, og triller terningar for å løyse oppgåver og kjempe mot fiendar.

Marius har terningar og karakterhefte, men interesserte kan gjerne ta med blyant og visk.

Marius jobbar på Vindafjord bibliotek og er eit kjent fjes for mange barn og unge. 

Fifaturnering med Vanja 

Biblioteket arrangerar FIFA turnering fredag 17. januar, og på laurdag 18. januar blir det finalespill.

Kvar runde/spel er ca. 20 minutt, og det er 1 mot 1 på. Vinnarane går videre i turneringa, og møtar andre som har vunnet sine kampar.

Vanja jobbar også på Vindafjord bibliotek og er eit kjent fjes for mange barn og unge.