Re-registrering av elevplass i kulturskulen, skuleåret 24/25

Det er no tid for elevar i Vindafjord kulturskule å melde frå om dei ynskjer å behalde plassen i kulturskulen neste skuleår.

For å re-registrere elevplass gjer du følgjande:

1. Gå til https://novindafjord.speedadmin.dk

2. Logg inn som føresett med ID-porten. Alternativt kan du logge inn med brukarnamn (fødselsdato DDMMÅÅ) og passord.

3. Vel «Re-registrering» på sida du kjem inn på etter innlogging.

Me ønskjer at alle registrerer eit val for neste skuleår - uansett om ein skal halda fram med aktiviteten eller ikkje.

Frist for re-registreringa er 1. juni. 

Har du spørsmål, ta kontakt med kulturskulen på e-post kulturskulen@vindafjord.kommune.no eller tlf. 53 65 58 40