Kom med ønsker til julegåvetreet
Det vil bli sett opp julegåvetre på Ølen senter, Ølen torg og Etne senter i desember. Her kan innbyggarar i Vindafjord og Etne som har det trongt økonomisk kome med julegåveynskjer til barn og unge.
Har du det tøft økonomisk? Gruar du deg til jul på grunn av alle utgiftene?
Dersom din familie vil koma med julegåveønske, kan du levera ei oversikt med namn, kjønn, alder og ønske til din rettleiar eller kontaktperson i Vindafjord kommune eller Etne kommune. Du kan også senda SMS eller ringa til 90 96 34 27 eller 41 28 77 22.
Frist for levering av ønsker er 22. november. Kommunane vil formidla ønska vidare anonymt til arrangøren. Tilsette i kommunane og NAV har teieplikt og vil ikkje dela namna vidare.
Prosjektet er initiert av privatpersonar i samarbeid med begge sentra. NAV Vindafjord-Etne er kopla på for å nå ut til familiar som kan ha glede av ordninga, og for å sikra anonymitet for dei som kjem med ønsker.
Ønska blir hengt opp som eit hjarte på treet med alder og kjønn. Folk som vil å bidra med gåver kan velja eit hjarta og kjøpa inn gåva. Gåvene blir samla inn ved Ølen Blomster på Ølen senter, ved Handelshuset på Ølen Torg, og ved Princess på Etne senter. Kommunane vil hjelpa til med å dela ut gåvene før jul.
Sist endra 14.11.2024 10.31