
Framlegga må sendast skriftleg og vera grunngjevne.
Frist til 1.juni 2025
Nominer kandidat til prisar/ Søk om kulturstipend
Kulturpris
Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag som har gjort ein særleg fortenestefull innsats i kommunen innan det utvida kulturomgrepet som også fremmar idrett.
Omsorgs- og inkluderingspris
Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar, og i særleg høve bedrifter, som på ein positiv måte har bidrege gjennom frivillig arbeid til å gje medmenneske respekt, eit meiningsfult og verdig liv. Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.
Næringspris
Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller firma som har gjort ein innsats for næringsarbeidet i kommunen.
Byggeskikkpris
Byggeskikkprisen kan delast ut til den/dei som på ein god måte tek vare på eldre bygningar og heilskapelege bygningsmiljø, eller har sett opp nybygg, tilbygg eller påbygg. Det skal vektleggjast korleis bygningsmiljøet er teke i vare, saman med tilhøyrande anlegg som parkar, hageanlegg, skulpturar, bruer og uterom.
Kulturstipend – ungdomane må sjølve søkje
Stipendet kan søkjast av ungdom, i alder 13 – 25 år, som bur i, eller på anna vis er knytt til Vindafjord. Stipendmidlane skal nyttast til å gjennomføra særskilde kulturoppgåver, utdanning, trening eller perfeksjonering for aktiv kulturinnsats.
Lenkje til meir informasjon om prisar/stipend
Vinnarane av prisane/stipend vil bli heidra på ordførarens nyttårsmottaking i januar.