Frist 15.juni for innspel til prioritert handlingsprogram for 2026

Har de tankar om å søkja spelemidlar for 2026 til nye anlegg, rehabilitering av anlegg eller til eit nærmiljøanlegg? Kom med innspel på tiltak de ynskjer skal koma inn på handlingsprogrammet.

Send inn innspel til Vindafjord kommune på postmottak@vindafjord.kommune.no innan 15.juni!

For å få tiltaket med på handlingsprogrammet er det ynskjeleg med opplysning om:

  • Prosjektet sitt namn
  • Tiltakshavar
  • Lokalisering av anlegget (gjerne med skissa av anlegget)
  • Målsatte teikningar – Vise anlegget i høve til krav
  • Kostnad- og finansieringsplan
  • Berekna anleggsstart
  • Behovsvurdering – Grunngjeving for behovet av tiltaket

I punkt 2.4.5. i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» står det at for å kunne søkja spelemidlar skal anlegget vera ein del av ein vedtatt kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet. Dette vilkåret gjeld ikkje for:

  • Orienteringskart.
  • Skilting/merking av eksisterande turvegar, tur-/skiløyper og turstiar

Har de planar om tiltak på kommunal grunn? Ta kontakt med teknisk@vindafjord.kommune.no 

For meir informasjon om sjølve spelemiddelordninga og retningslinjer finn du på anleggsregisteret.no

Informasjon om spelemiddelordninga på kommunen si heimeside.

Informasjon om retningslinjer på nærmiljøanlegg på kommunen si heimeside.