Antal tilfelle av meningokokksjukdom i Noreg er låg, men ungdom har større risiko for smitte. Vaksinering i forkant av russefeiring, turar, festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleirar og liknande, kan vera aktuelt. Anbefalinga gjeld og yngre og eldre ungdommar som deltar i tilsvarande aktivitetar.
Friske ungdommar har oftare meningokokker i halsen enn andre. Svært få av desse ungdommane blir sjuke, men dei kan smitta andre. Sjukdommen utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 prosent av dei som får sjukdommen, dør.
Dei siste ti åra har det årleg vore meldt mellom eitt til fem tilfelle av meningokokksjukdom i denne aldersgruppa.
Det finst to ulike typar vaksiner:
• Kombinasjonsvaksine mot meningokokk serogruppe A, C, W og Y (Menveo, Nimenrix eller MenQuadfi) beskytter mot alle disse fire gruppene av meningokokkbakterier.
• I tillegg er vaksine mot meningokokk serogruppe B (Bexsero eller Trumenba) tilgjengelig.
Med dagens smittesituasjon vil ACWY-vaksina gi breiast dekning i aldersgruppa 16-19 år. Derfor er det denne vaksina som først og fremst blir anbefalt til ungdom. For å vera beskytta mot alle gruppene av meningokokkbakteria som har gitt sjukdom i Noreg dei siste åra (A, B, C, W og Y) må ein vaksinera seg med begge vaksinetypane. Smittesituasjonen kan endrast, og endringane i førekomsten av de ulike serogruppene kan vera vanskeleg å forutsei. Folkehelseinstituttet følger nøye med på utviklinga og vaksinasjonsråda vil kunna revurderast.
Forekomsten av dei ulike serogruppene kan vera annleis i andre land. Ved reiser til land utanfor Norden som innebærer aukt risiko for smitte med meningokokkbakteria, til dømes russeturar og andre reiser som inkluderer festing og tett samvær med andre ungdommar over flere dagar, bør behovet for meningokokk B-vaksinasjon vurderast nøye.
Enkelte land og utdanningsinstitusjonar i utlandet kan kreva eller sterkt anbefala vaksinasjon mot meningokokksjukdom; ACWY-vaksine, meningokokk B-vaksine eller begge. Det er derfor viktig at studentar/skuleelevar som skal studera i utlandet undersøker retningslinjene for aktuell utdanningsinstitusjon.
Kontakt vaksinekontoret dersom du har spørsmål, eller vil bestilla vaksine mot hjernehinnebetennelse.
Kontaktinformasjon
Vaksinekontor
Mobil 91 30 38 42
Tysdag, onsdag og torsdag
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Informasjon om vaksinekontoret