Skal du delta på eit stort arrangement i sommar?

Sommaren er høgsesong for festivalar, idrettsarrangement, religiøse samlingar, speidarleirar og mykje meir. Når mange menneske er samla, vil du ha ein høgare risiko for å bli smitta av ulike sjukdommar. 

Bilete av folkemengde - Klikk for stort bilete picturexphotobnb@Pixabay

Skal du delta på eit stort arrangement, er det spesielt viktig at du set deg inn i kva smittevernråd som gjeld, og følger desse. Enkelte arrangement har dessutan eigne råd og krav i tillegg  til dei generelle råda. 

Lenke til informasjon om smittevern frå Vindafjord kommune

Vaksinekontoret gir deg råd som er tilpassa deg, både knytta til smittevern og anbefalte reisevaksinar, samt råd om oppfriskingsvaksinar. 

Ring vaksinekontoret på telefon 91 30 38 42, eller send ein e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Lenke til vaksinekontoret