1.216 vindafjordingar er fullvaksinerte

Denne veka har 30 personar fått dose 1, og 401 har fått dose 2 med koronavaksine. 1.216 er no ferdig vaksinerte i Vindafjord.

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteVaksinekontoret har ei viktig oppmoding til alle som ventar på vaksine: Svar på SMS, og ta telefonen sjølv om det er ukjent nummer. Det kan vera vaksinekontoret som ringer. Ellen Marie Hagevik  

– Me held fram med gruppe 7 dei neste vekene. I tillegg  har me framleis eit etterslep av dose 2 til dei som fekk AstraZeneca tidlegare i vinter. Når me er ferdige med dei med underliggende sjukdommar, går me over til gruppe 8, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smitte.

Vaksinekontoret har ei viktig oppmoding til alle som ventar på vaksine:

Svar på SMS, og ta telefonen sjølv om det er ukjent nummer. Det kan vera vaksinekontoret som ringer. Det er etterslep i alle grupper fordi vaksinekontoret ikkje får respons.

Tidlegast seinsommar

Alle vil få SMS med informasjon når dei skal bestilla time på nett. Når ein går over til gruppe 8, blir intervallet mellom dose 1 og dose 2 auka til 12 veker.

Det vil seia at denne gruppa ikkje vil vera fullvaksinert før tidlegast seinsommar. Det er viktig å planlegga for begge dosar når ein bestiller time. Time til dose 2 vil bli tildelt ved vaksinering, og det er ikkje rom for å byta time på nett, seier Økland.

Vaksineside også som app

Her finn du informasjon om testar og dine vaksiner 

– Helsenorge.no si vaksineoversikt er tilgjengeleg både på nett og som app via App Store og Google Play. På nettsida kan du mellom anna skriva ut internasjonalt vaksinasjonssertifikat. Me anbefaler alle å sjekka ut denne nettsida, seier Økland.

Janssen-vaksina

Regjeringa har føreslått at Janssen-vaksina skal vera tilgjengeleg utanfor vaksinasjonsprogrammet. Det blir i desse dager utreda korleis dette skal gjerast. Blant anna om fastlegen skal kunna gi denne vaksina. 

– Me følger saka tett, og det kjem meir informasjon etter kvart. Det er derimot lite som tyder på at Janssen-vaksina blir ein del av kommunen sitt vaksinasjonsprogram der me tilbyr den ved massevaksinering på lik linje med andre vaksiner, seier Økland.