Vaksineoppsummering veke 32

Massevaksineringa på Sjøperlo i Ølen held fram dei neste vekene. 

Wilfried Pohnke, Pixabay   

Per i dag er 3.304 vindafjordingar ferdig vaksinerte. Lærarar og tilsette i barnehagar vert no prioritert. Desse gruppene er forventa ferdigvaksinert i løpet av veke 33 i Vindafjord.

Dersom du ikkje kan møte til timen din, oppmodar me om å gi beskjed i god tid på førehand. Det er begrensa kapasitet på vaksinetelefonen, så gi fortrinnsvis beskjed på e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.

Dei som mottek tekstmelding med beskjed om framskunda time, vil få beskjed om å oppdatere eigenerklæringsskjema. Denne treng du ikkje svare på. Meldinga er utelukkande eit varsel om nytt tidspunkt for vaksine.

Vaksinekontoret har ein stor jobb med å framskunde timar. Dette arbeidet er manuelt og tidkrevjande. Sjølv om leveransane aukar og ein står friare med tanke på intervall mellom dosane, kan ein ikkje per i dag flytte større grupper i timebøkene. Arbeidet med å framskunde timane føregår kontinuerlig. Me oppfordrar alle til å vente på ny tekstmelding.