Det er stor pågang på vaksinetelefonen med dette spørsmålet. Mistanke om at andre snik i vaksinekøen går også igjen. Begge deler bidrar til lang ventetid på vaksinetelefonen.
På den internasjonale sjukepleiardagen 12. mai, var dei fleste i vaksineteamet sjukepleiarar. Dei jobbar saman på tvers av avdelingane vaksinekontor, testkontor, tilrettelagte tenester og tenestekontoret. Frå venstre: Lene Skartland, Berit Ølfarnes, Marlen Bjelland, Guro Tveit, Anne Marie Heggebø Kro, Nina Drivarbekk Haslemo og Nina Alvseike. Framme: Anne-Beate Økland. For ordens skuld: Dei er alle ferdigvaksinerte og må ikkje halda 1 meter avstand til kvarandre.
Ellen Marie Hagevik
Svaret på det første spørsmålet er ganske enkelt: Du får SMS når det er din tur til å bestilla time.
Her finn du framdrift, prioritering og svar på andre vaksinespørsmål
– Den store pågangen på vaksinetelefonen fører til lang ventetid. Mange lurer på kvar dei ligg i køen. Me vil derfor oppfordra folk til å vera tålmodige og følga med på nettsidene. Der finn dei det same svaret som me gir når dei ringer. Det går vekk mykje unødvendig tid på desse telefonane, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.
Vaksine og ferie er også eit stadig hyppigare tema.
– Det er ein del som ringer og vil ha garanti for vaksine til visse tider for at det skal passa med ferien. Me får oversikt over kommande vaksiner to veker fram. Planlagte leveringar kan også bli endra. Det seier seg sjølv at me ikkje kan gje garanti for tidspunkt i juli når me driv veke for veke, seier Økland.
Nærmar seg 1956-modellane
821 vindafjordingar er nå fullvaksinerte. Vaksineringa er godt i gang i gruppe 7. Det vil seia aldersgruppa 18-44 år med underliggande sjukdommar eller tilstandar.
– Me avsluttar denne gruppa i løpet av få veker. Etter denne gruppa, går me over til dei utan underliggande sjukdommar. Me vil derfor i dei neste to vekene senda ut melding til dei som er født i 1956 om å førebu seg på å bestilla time. Altså dei som fyller 65 år i år, seier Økland.
Alle vil motta SMS når det er deira tur til å bestilla time.
– Me vil då opna opp for alderstrinn kronologisk frå eldst til yngst. Me veit at det blir vurdert å vaksinera dei yngste tidligare, men per dags dato har me ikke fått krav om det, seier Økland.
Snik ikkje i køen
Svaret på mistanken om sniking er at personar med underliggande sjukdommar og tilstandar blir prioriterte først. At naboen eller andre du kjenner får vaksine før deg, har altså ingenting med sniking å gjera.
– Det er ein del som tar kontakt fordi dei føler seg forbigått eller mistenker at andre snik i køen. Me følger slavisk FHI si prioriteringsliste og dei listene me får innlevert frå fastlegane. På desse listene står det ingen diagnose, og vaksinekontoret har ikkje vurderingsmynde, seier Økland, og held fram:
– Som me har vore inne på tidlegare er det ikkje alltid ein veit kva naboen feilar. Det nok er ein grunn til at han eller ho får vaksine tidlegare enn deg. Er det personar som meiner dei burde stå på fastlegen si liste, må dei ta det opp med sin fastlege. Det har inga hensikt å ringa vaksinekontoret om dette. Me kan ikkje endra fastlegen si vurdering.