Vikarlege på Vikedal legekontor

Snart takkar Niels Sebastian Stuhr for seg som fastlege på Vikedal legekontor.  Vikarlege Arseni Neshat tar over listepasientane til dr. Stuhr medan tilsetjing av ny fastlege foregår.

Niels Sebastian Stuhr

 

Første oktober har Niels Sebastian Stuhr siste dag som fastlege i Vindafjord kommune, og på Vikedal legekontor. Me takkar han for den flotte innsatsen han har gjort for kommunen og ynskjer han lykke til vidare.


Vindafjord kommune jobbar med å tilsetja ein ny fastlege i hans heimel, men dette har me dessverre ikkje lykkast med fram til nå. Medan me jobbar vidare med dette, har me tilsett ein midlertidig vikar som skal overta listepasientane til Niels S. Stuhr. 


Vikarlege Arseni Neshat er ein svært erfaren spesialist i allmennmedisin med bakgrunn frå Nederland. Han har jobba 17 år som fastlege og legevaktslege i Nederland, men har sidan 2021 vore godkjent spesialist i allmennmedisin i Noreg. Frå januar 2022 og fram til slutten av august 2024, har Dr. Neshat opparbeida seg rikeleg med norsk erfaring og er vand med å tileigna seg nye arbeidsstadar som ein driftig legevikar. 

Arseni Neshat