Velkomen til foreldrekurs hausten 2024

Helsestasjonen og familieteamet tilbyr i haust gratis foreldrekurs til alle foreldre som har barn under skulealder. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller ha barn med særskilte behov, for å delta.

Foreldre leier eit lite barn. - Klikk for stort bilete MabelAmber frå Pixabay

Har du kjent på følelsen av å ikkje strekka til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser. Du er ikkje åleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja? Vindafjord kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshalderar tilbyr kurs til deg som har barn i førskulealder.

Prosjekt «Trygge foreldre på Haugalandet»

Vindafjord kommune deltek i prosjektet «Trygge foreldre på Haugalandet». Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr foreldre kurs i programmet Circle of Security-Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen. Kurshalderane er godkjente COS-P rettleiarar.

Nettlenke til informasjon om prosjektet “Trygge foreldre på Haugalandet”

Målgruppe

Foreldre busette i Vindafjord kommune, med barn mellom 6 månadar og 6 år. 

Om kurset

Circle of Security-Parenting (COS-P) er et foreldreveiledningsprogram som er basert på 50 års forsking innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller ha barn med særskilte behov, for å delta.

Føremålet med kurset er å gjera deg som forelder meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnets behov, og at du blir oppmerksam på eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt. Kurset er delt opp i 8 kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema og reflekterer saman i gruppa. Barn kan ikkje vere med.

Kurset er gratis.

Me vil denne hausten ha parallelle kurs i Sandeid og på Skjold skule, i tidsrommet 17.00 - 19.00. Oppstart blir torsdag 26. september.

I Sandeid vil helsesjukepleiar Jane Austrheim og familierettleiar Ingunn Langballe vere kurshaldarar. 
Helsesjukepleiar Bjørg Stokland og familierettleiar Ragnhild Thorsen vil ha kursa i Skjold. 
 

Tidspunkt og påmelding

Følgjande datoar er sett av til kursa:

  • Torsdag 26. september
  •  Torsdag 3. oktober
  • Pause i haustferien (10.10)
  • Torsdag 17. oktober
  •  Torsdag 24. oktober
  • Torsdag 31. oktober
  •  Torsdag 7. november
  • Torsdag 14. november
  • Torsdag 21. november

 

Påmelding eller spørsmål til kurset i Sandeid kan sendast til Ingunn Langballe på e-post: ingunn.langballe@vindafjord.kommune.no
Påmelding eller spørsmål til kurset i Skjold kan rettast til Ragnhild Thorsen på e-post ragnhild.thorsen@vindafjord.kommune.no