Stor pågang for dose 3 med koronavaksine

Vaksinekontoret er nå godt i gang med vaksinering av 3. dose. Mange har også tatt kontakt for å få dose 1, og nye 12-åringar blir fortløpande vaksinert. 

Wilfried Pohnke, Pixabay

– Etter oppfordringa til alle over 65 år om å ta vaksine blei sendt ut førre veke, har me opplevd stor pågang. Alle over 65 år skal få tilbod om time før jul. Dette med føresetnad om at det er gått 6 månader sidan 2. dose, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern

Det er også gledeleg å sjå at mange fortsatt tar kontakt for 1. dose. Det er starta planlegging for vaksineringa av helsepersonell, og vaksinering med dose 2 for 16-17-åringane er planlagt i veke 47.

– Me vaksinerer også fortløpande dei som blir 12 år. I tillegg gir me fortsatt dose 3 til dei som er innmeldt frå spesialisthelsetenesta med sterkt nedsett immunforsvar, seier Økland.

Vaksinekontoret får ein del spørsmål om når 12-15-åringane skal få dose 2. Denne aldersgruppa skal berre ha ein dose etter gjeldande anbefalingar.

Viktig!

Det er berre dei over 65 år som kan bestilla time til dose 3 på Remin.no.

– 3. dose gjeld berre for dei over 65 år, og dei med sterkt nedsett immunforsvar som har gjort avtale med vaksinekontoret. Det gjeld ikkje personar i andre risikogrupper eller dei med underliggande sjukdommar under 65 år, understrekar Økland

Dei som bestiller time og ikkje tilhøyrer målgruppene vil bli sletta frå timebestillinga.

Fleire med alvorleg nedsett immunforsvar bør ta 3. dose (FHI)

Stor pågang på vaksinetelefonen

Pågangen på vaksinetelefonen er stor om dagen, og du må rekna med ventetid.

– Me anbefaler alle som har tilgang, eller kan få hjelp, til å bruka timebestilling på Remin.no. Det er også eit alternativ å senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no, seier Økland

Kan du ikkje møta, er det svært viktig at du seier ifrå.

Sjukdom erstattar vaksinedose

– Me har den siste tida hatt mange som var oppsett til vaksinering som har fått påvist koronasjukdom. Det er viktig å vita at gjennomgått covid-19-sjukdom erstattar vaksinedose. Om du berre hadde ein dose igjen og blir sjuk av covid-19, er du per definisjon fullvaksinert, seier Økland.

Dei som skal ha fleire vaksiner må venta minst 3 månadar etter gjennomgått sjukdom.

Vaksinering av personar som har gjennomgått covid-19 (FHI)

Koronavaksine - informasjon til befolkninga (FHI)

Koronavaksine (Helsenorge)