Sender smittevernutstyr til Ukraina

I starten av koronapandemien var smittevernutstyr mangelvare i heile Noreg. Torsdag vart kommunen sitt overfylte beredskapslager rydda, og 18 pallar sendt med THK stiftelsen til Ukraina.

Med ivrige og flinke hjelparar gjekk det unna med å lasta inn pallar med smittevernutstyr og pumper. - Klikk for stort bileteMed ivrige og flinke hjelparar gjekk det unna med å lasta inn pallar med smittevernutstyr og pumper. Monica S. Velde

Før pandemien hadde ikkje kommunen beredskapslager for smittevernsutstyr, til liks med resten av landet. Staten organiserte kjøp av smittevernsutstyr, og kommunane fekk tildelt smittevernutstyr gjennom helseføretaka frå våren 2020 til hausten 2021.

Helsedirektoratet påla alle kommunar å ha eit beredskapslager med smittevernutstyr for normalforbruk i seks månadar frå 01.01.22. Vindafjord kommunen har bygt opp beredskapslageret sitt, men har svært mykje smittevernutstyr som kommunen sjølv ikkje har bruk for lenger.

Kjem til nytte i Ukraina

Kva skal me gjera med alt dette utstyret, tenkte Tor Martin Heggebø og Monica Stødle Velde, som har er ansvarlige for smittevernlageret. Dei tok kontakt med Bjørn Asgeir Alvseike frå Ølen i THK stiftelsen.

THK stiftelsen driv humanitært arbeid i Aust-Europa, og dei køyrer mange  hjelpesendingar til Ukraina. Bjørn Asgeir var rask med å svara at dette var dei interesserte i. Han var i dialog med sine kontaktar i Ukraina, og dei var svært glade for alt smittevernutstyr dei kunne få. Krigen i Ukraina har gjort at det er mangel på alt.

Den flinke gjengen frå koronakontoret. Frå venstre Guro Tveit, Maria Lilleskog Eikeland, Marlen Bjelland og Sølvi Haraldseid. - Klikk for stort bilete
Bjørn Asgeir Alvseike frå THK stiftelsen var rask til både å organisera og stilla med utstyr. - Klikk for stort bilete
Tor Martin Heggebø med lastebilen THK stiftelsen får låna av Norsk Maskinformidling i Ølen. - Klikk for stort bilete

18 pallar og nokre pumper

Torsdag denne veka kom Bjørn Asgeir med lastebil og gaffeltruck, som dei får låna av Norsk Maskinformidling i Ølen. Tor Martin hadde fått med seg personalet på koronakontoret, og lastebilen blei raskt fylt opp med om lag 18 pallar med smittevernutstyr.

Nokre gamle brann- og vasspumper stod også inne på lageret. Desse blei med på lasset, og vil igjen bli til nytte i Ukraina.

Tor Martin og Monica er svært glade og takknemlege for ryddig lager, og at nokon har bruk for alt utstyret som kommunen sjølv ikkje hadde bruk for lenger. Dei takkar Bjørn Asgeir i THK stiftelsen for rask respons og stor velvilje!