
Kva er ein frisklivssentral?
Ein frisklivssentral er ei helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste med tilbod om støtte til å endra levevanar. Det kan blant anna vera hjelp til å komma i gong med fysisk aktivitet, endring av kosthald, søvnproblematikk, røykeslutt eller liknande.
Me tilbyr individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod, og ønsker å bidra til å styrka den enkelte sine ressursar.
Ein treng ikkje å ha ein diagnose eller å vera sjuk for å delta på tilboda.
Kva kan du forventa?
Vindafjord kommune kjem i første omgong til å tilby gruppebasert oppfølging som går over 12 veker, med individuelle samtalar i forkant og ved avslutning. Det vil bli trening to gonger i veka.
Hovudfokus vil vera fysisk aktivitet både inne og ute, men me kjem og innom livsstilsrelaterte tema som kosthald, stressmeistring, søvn og liknande.
Tilbodet er i første omgang gratis, og vil føregå på dagtid.
Det vil bli leia av fysioterapeutar.
Nærare informasjon om oppstart kjem etter kvart.
Kontakt
Har du spørsmål, send oss ein e-post på frisklivssentral@vindafjord.kommune.no