Ole Olsen Hauge og hustrus legat 2024

Legatsmidlar kan søkjast av personar og huslydar med vanskeleg økonomi, og ungdom under utdanning (etter vidaregåande skule). Søkjar må vera busett i bygda Haugsgjerdet eller Ølen sokn. Søknadsfrist er 29. november. 

MatthiasSchild@Pixabay

Du finn lenke til søknadsskjema under. Du kan og henta papirskjema hos Servicetorget på rådhuset i Ølen.

Berre søknadar på dette søknadsskjema og med kopi av SKATTEOPPGJER 2023 vil bli handsama. Det er ikkje tilstrekkeleg med utkast til skattemelding.

Søknaden må vera oss i hende innan 29. november 2024.

Søknaden skal sendast til:
Vindafjord kommune v/Ole Olsen Hauge og hustrus legat, 
Rådhusplassen 1, 
5580 Ølen
 

Søknadsskjema 2024 (DOCX, 17 kB)