Nyttig samhandling over landegrensene
Vindafjord kommune var 3. september til stades på fagleg temadag om tids- og arbeidsbesparande teknologi i København. Med seg i sekken hadde dei ein presentasjon om korleis heimetenesta i Vindafjord har jobba med elektronisk medisineringsstøtte.
Temadagen var i regi av den norske og danske ambassade, i samarbeid med andre innovasjonsaktørar. Målet med temadagen var blant anna å dela erfaringar og få kjennskap til innovative løysingar på tvers mellom Noreg og Danmark.
“Det er ekstra stas at den flotte innsatsen som heimetenesta i Vindafjord har lagt ned vert lagt merke til nasjonalt og at me fekk koma å snakka om eit så viktig tema. Dette viser at Vindafjord kommune jobbar i riktig retning for å møta framtidas utfordringar”, seier Ruth Økland, rådgjevar helse og omsorg, og Synnøve E. Steinsland, leiar i heimetenesta indre sone.
Arve Rohde frå DigiRogaland var også til stades. Han hadde presentasjon om organiseringa av e-helse området i Rogaland og korleis me jobbar i nettverket. Han fortalte også om arbeidet med Digitalt tilsyn i nokre av kommunane i Rogaland.
Ruth Økland, Arve Rohde og Synnøve E. Steinsland i København
Sist endra 04.09.2024 10.15