Nytt fagsystem for barnevern

Som nummer to av 19 samarbeidskommunar tar Etne Vindafjord barnevernteneste i bruk Visma Flyt barnevern som fagsystem onsdag 05.03.25. I regi av Digi Rogaland har 19 kommunar gått saman om anskaffing av nytt fagsystem for barnevern.

Det nye systemet er betre tilpassa samfunnets utvikling og behova i tenesta. Barnevernleiar i Etne og Vindafjord, Turid Askeland, er glad for utviklinga.

Barnevernleiar Turid Askeland Nils Erik Eide

–Me har eit godt barnevern i Etne og Vindafjord. Med dette nye fagsystemet vil me kunne bruke ressursane endå betre, og gjera arbeidsflyten enklare. Då kan me bruka endå meir ressursar på den viktigaste oppgåva som er å sørgja for at sårbare born og ungdom i kommunane våre får den støtta dei treng.

Innføring av nytt fagsystem har vore ein prosess som har vart sidan hausten 2024. Internt i kommunane har det vore fleire som har bistått på tvers av einingar, deriblant personar frå arkiv, økonomi og ikt. Barneverntenesta har i tillegg hatt ei eiga prosjektgruppe som har hatt ansvar for overgangen til det nye fagsystemet. Det har vore ein krevjande prosess for tenesta, som me no ser fram til at går mot slutten. Me gler oss over å ha tatt det nye systemet i bruk.

Med det nye systemet vil ein enklare kunne samhandla med ulike aktørar og brukarar av tenestane. Nokon av dei største endringane vil vera at all kommunikasjon per post vil skje digitalt og det vil bli tatt i bruk sms-varsling for avtalar som personar har med tenesta.

Barneverntenesta ønskjer å motta mest mogleg post digitalt. Det er oppretta eige organisasjonsnummer for barneverntenesta for å sikre at posten som skal til barneverntenesta vert sendt direkte til tenesta.

Organisasjonsnummeret til Etne Vindafjord barnevernteneste er 973 919 024.