Milepæl for vakre Vindafjord

Lyden av barneskrik og pludring fyller helsestasjonen, denne overskya mandagen i september. Nyleg blei vindafjording nummer ni tusen registrert. Ordførar Ole Johan Vierdal helste i dag på nokon av kommunens ferskaste innbyggarar.

Frå venstre: Kristina Hundseid (35) frå Vikedal, med ein framleis navnlaus gut, Marte Søyland (25) frå Skjold med Oline Søyland Stokland, Marte Vestbø Tokheim (30) frå Sandeid med Flora Tokheim Skeie, Kari Aakra (40) frå Ølen med Dorthea Aakra Berge og Annhild Mortveit Sundfør (31) frå Skjold med Alise Mortveit Sundfør

Første gong over ni tusen

I andre kvartal av 2024 viser innbyggartalet i Vindafjord for første gong over ni tusen. Heilt nøyaktig tel kommunen vår no 9007 innbyggarar. 

Nye relasjonar

På helsestasjonen er stemninga god. Fem søte små er samla til livets første barselgruppe. Dei fem er fødd i juli og august, og den same gruppa skal samlast igjen på helsestasjonen til 10-månadars kontroll og 18-månadars kontroll. Barselgruppa er stødig leia av rutinerte tilsette på rådhuset, jordmor Wenche Strand Hauge og helsesjukepleiar Bjørg Stokland.

Dei fem mødrene er busett i Sandeid, Vikedal, Skjold og Ølen, og kjenner ikkje kvarandre frå før. Fire av dei er førstegongsfødande, og gir uttrykk for at livet er snudd på hovudet, på ein god måte. For Marte Søyland frå Skjold er dette barn nummer to, Oline Søyland Stokland har ein storebror på to år. Mor Marte gir uttrykk for at mykje er enklare når ein har vore gjennom ein barselperiode tidlegare, og resten av gruppa er glade for å kunna snappa opp nokon gode tips. 

Frå venstre: Jordmor Wenche Strand Hauge og helsesjukepleiar Bjørg Stokland

Nøgd ordførar

Ordførar Ole Johan Vierdal gler seg stort over det auka innbyggartalet. 

“Eg gler meg over at Vindafjord har runda 9000 innbyggarar. Det er flott med fleire folk, og meir arbeidskraft til kommunen” seier han, og legg til at milepælen kom raskare enn tidlegare estimert. 

Ordføraren har i dag tatt turen innom barselgruppa på helsestasjonen for å markera milepælen, og ta ein prat med dei nybakte mødrene. 

Ordførar Ole Johan Vierdal helsar på nye vindafjordingar

 

Praten går lett, og når mødrene blir spurt om korleis det er å få barn i Vindafjord, har dei kun lovord å sei om oppfølginga dei har fått på helsestasjonen. Dei er takknemlege for nærleiken til naturen, og for å bu i levande bygder.

 

Jordmor Wenche og helsesjukepleiar Bjørg uttrykker glede over å få arbeida med dei nyfødde og familiane deira, og alle er einige om at det er flott med denne milepælen i innbyggartalet. 

Ordførar Ole Johan Vierdal helsar på Flora Tokheim Skeie og mamma Marte Vestbø Tokheim frå Sandeid.

 

Kva påverkar innbyggartalet?

Det er i hovudsak tre demografiske faktorar som påverkar innbyggartalet:

- Dødelegheita fortel om kor mange som fell frå. Befolkinga er aldrande, og trenden er i følge helsedirektoratet at dei eldre blir buande i distrikta, mens dei yngre flyttar mot byane. Med ei aldrande befolking aukar og behovet for arbeidskraft.

-Migrasjon fortel om flytting frå eit område til eit anna. Russland sin invasjon av Ukraina i februar 2022 har påverka tilflyttinga til kommunen vår. Vindafjord kommunestyre sa i februar ja til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet si oppmoding om å busetta 105 flyktningar i 2024. Størsteparten av desse kjem frå Ukraina. Så langt i år, har det kome 68 flyktningar til Vindafjord.

-Fruktbarheita fortel om kor mange som blir fødd. I 2023 vart det fødd 89 personar i Vindafjord, og så langt i år er talet 63. 2022 var eit rekordår med 103 nyfødde, men det er sjeldan talet for Vindafjord er over 100.