Kva skjer når fastlegen din sluttar?

Når ein fastlege sluttar, er det rutinar for å følga opp prosessen vidare. 

Bilde av lege som skriv på ein journal - Klikk for stort bilete ckstockphoto@Pixabay

 

1. Informasjon til pasientane

Pasientane skal få beskjed i god tid, anten gjennom brev, e-post eller SMS via Helsenorge.

Meldinga til pasientane inneheld informasjon om når fastlegen sluttar. Dersom ny fastlege er tilsett, får du og beskjed om kven som tek over praksisen. 
 

2. Overføring av pasientlista

Når fastlegen sluttar, blir pasientlista automatisk overført til ein ny fastlege. 

Dersom det ikkje enda er tilsett ny fastlege, har kommunen plikt til å gi tilfredstillande legehjelp til pasientane som høyrer til den aktuelle fastlegelista.

Når ny fastlege er på plass, får du ei ny melding med beskjed om kven som er tilsett. Legekontoret har i mellomtida kontroll på kven som fungerer som vikarlege.

Pasienten kan og velga ny fastlege sjølv via helsenorge.no
 

Nettlenke til informasjon om fastlegeordninga hos Helfo