Jobb i Vakre Vindafjord

Vindafjord er ein god kommune å bu og jobba i. Me har nå to ledige stillingar som fastlege, samt fleire ledige stillingar innan oppvekst. Me kan freista med trygge oppvekstvilkår og yrande bygdeliv. Fjelltoppar, fjordar og kulturliv, gir deg spanande moglegheiter på fritida. 

Ledige stillingar

Klikk deg inn for å sjå alle ledige stillingar i Vindafjord kommune.

Ledige stillingar

Vakre Vindafjord

Vindafjord byr på naturskattar høgt og lågt. Mellom anna over 100 merka turar, frå tilrettelagte løyper til tindeklatring, strender, båthamner og fisking både i sjø, elv og vatn.

Kommunen vår har eit unikt næringsliv med eit stort mangfald av ulike verksemder. 

Les meir om bygdene våre, bumoglegheiter, helse og velferdstilbod, samt kultur og aktivitet på nettsida vår om Vakre Vindafjord. Følg også emneknaggen #vakrevindafjord på Instagram.

Lenke til nettsida Vakre Vindafjord