Huskeprisen 2024 tildelt Joker Vats

Sjukepleiar Ingfrid Byrkja Hystad ved Vindafjordtunet, nominerte nærbutikken til ein gjev pris. Huskeprisen hedrar nokon som viser evne til å skapa dagar med meining for eldre. Nominasjonen gav full uttelling for Joker Vats. 

Frå venstre: Ingfrid Byrkja Hystad, Audhild Sørhus Lindanger og Kjetil Flåtrud Nasjonalt senter for aldring og helse

Ein rørt butikksjef, Audhild Sørhus Lindanger, tok i mot årets Huskepris av dagleg leiar Kari Midtbø Kristiansen i Aldring og helse under Aldring og helse-dagane i Oslo.

Juryen begrunnar tildelinga med at nærbutikken gjennom enkle og gode tiltak, som handlebuss og kaffebord, kan vera eit viktig nav i nærmiljøet.  Dette kan bidra til rause, helsefremmande og aldersvennlege nabolag, og redusera isolasjon og einsemd. 

Les meir og sjå video av vinnaren på nettsidene til Nasjonalt senter for aldring og helse