For mykje alkohol gjer barna utrygge
Alkohol pregar dessverre sommarferien til mange barn, også i Vindafjord kommune. Det kjem fram i ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført for alkovettorganisasjonen Av-og-til.
Ragnhild Kaski er generalsekretær i Av-og-til. Ho ber vaksne om å ta barnas perspektiv i sommar:
– Barn merkar raskt at vaksne endrar seg. Når vi drikk alkohol, kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for dei små. Ein god hugseregel er at barna blir påverka før dei vaksne, seier ho.
Gode råd for ein barnevenleg sommar
Når det er ferie og kveldane blir lysare, sit barna ofte lenger oppe saman med dei vaksne, held koordinator Maren Hustoft fram.
– No kjem dei lange sommarkveldane som vi har lengta etter heile året. Ver den trygge vaksenpersonen barna treng, og ta med deg råda nedanfor, så blir sommarferien endå kjekkare for både store og små, seier ho.
1. Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
2. Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri.
3. Bli einig med andre vaksne om nokre reglar for alkoholbruk når det er barn til stades.
4. Det blir kjekkare for både deg og barna når du er i god form neste dag.
5. Ver spesielt bevisst dersom de skal reise bort – barn kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit framandt miljø.
6. Hugs at barn blir påverka før du blir det.
Generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski til venstre, saman med Maren T. Hustoft.