Fokus på eldre sitt bustadbehov
Torsdag 13 februar arrangerte Pensjonistforbundet Vindafjord og Vindafjord kommune ope møte med fokus på eldre sitt bustadbehov.
Seniorrådgjevar Linda Nordgreen frå Husbanken
Halfdan Krohn-Brekke
Seniorrådgjevar Linda Nordgreen frå Husbanken fortalte om deira verkemiddel og kom med nokre gode eksemplar på gode prosjekt retta mot eldre. Kommunalsjef for helse og omsorg Sigurd Gjerdevik og kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke retta søkjelys på kva utfordringar kommunen står i knytt til busetting av eldre, samt kva verkemiddel kommunen skal ta i bruk for å legga til rette for framtidsretta løysingar innanfor dette området. Nestleiar i Pensjonistforbundet Vindafjord fortalte på ein framifrå måte om deira bustadreise frå å flytta frå eit småbruk til ein lettstelt leilegheit i Ølen.
Kommunalsjef helse og omsorg Sigurd Gjerdevik (bildet) og kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke retta søkjelys på kva utfordringar kommunen står i knytt til busetting av eldre
Halfdan Krohn-Brekke
Det var ca 80 frammøtte i flotte omgjevnadar i Sjøperlo hall. Dei var engasjerte og stilte spørsmål undervegs.
Heile 80 personar stilte denne kvelden
Halfdan Krohn-Brekke
For Vindafjord kommune var det nyttig å få innspel og spørsmål frå ei svært viktig brukargruppe.
Sist endra 18.02.2025 15.02