Årsaka til endra råd, er at det ved omikron ser ut til at kombinert svelg-naseprøve til antigen-hurtigtestar vil fanga opp fleire smitta personar enn prøve frå nasa aleine. Dette gjeld særleg dei første dagane ein har symptom, skriv FHI i ei pressemelding.
For barn er det framleis anbefalt å ta testen frå nasa.
Først i svelget
Dei fleste tilgjengelege antigen-hurtigtestar er tenkt til analyse av prøvemateriale frå bakre eller framre nasevegg, men det ser ut til at desse fungerer godt også for kombinert prøve frå svelg og nase.
̶ Spesielt vaksne personar med symptom kan derfor ta prøve både frå svelg og nase når de tar sjølvtestar, seier lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet.
Prøven skal først takast frå svelget/halsen, og deretter frå nasa. Det gir høgast sannsyn for å fanga opp smitte. Du bør ikkje ta prøven berre frå svelget/halsen.
Husk å testa før du et eller drikk
Ein naseprøve aleine vil framleis fanga opp dei fleste smitta. Personar som synes det er ubehageleg eller vanskeleg å ta test frå svelget/halsen, kan testa seg på vanleg måte i nasa.
Prøvetaking frå svelg (hals) bør gjerast om morgonen før du et eller drikk noko. Eventuelt minst 30 minuttar etter inntak av mat og drikke, for å unngå at testen blir falskt positiv. Årsaka er at nokre typar mat og drikkevarer har vist seg å kunna påverka testresultatet.