Vindafjord kommune har starta arbeidet med å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal, og varslar med dette at arbeidet med kommunedelplanen startar opp og at forslaget til planprogram blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og
bygningslova §§4-1, 11-12 og 11-13.
Kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal skal ha som mål å fungere som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy for berekraftig forvaltning av kommunen sine naturverdiar. Kommunen vil:
- Auke kunnskapen om naturmangfald i kommunen – Kva naturverdiar har me, kor finst dei, og korleis kan me ta vare på dei?
- Gje naturmangfald ei stemme i arealforvaltninga
- Gjere det enklare og meir føreseieleg for forvaltning, politikk, næring og innbyggarar
Planprogrammet er oppskrifta på korleis arbeidet med kommunedelplanen skal gjennomførast, og skildrar føremålet med planarbeidet, utfordringar og tema for planarbeidet, medverknad og framdrift.
Høyringsfrist er sett til 22.04.2025.
Planprogrammet finn du her: Kommunedelplan 2026-2038
Direktelink til
I løpet av våren (april-mai) vil det bli arrangert medverknadsmøte med interesseorganisasjonar og eventuell anna lokal kompetanse. Møta vil elles ha fokus på korleis kunnskapsgrunnlaget ytterlegare kan bli betre og innspel til planarbeidet med målsettingar og tiltaksplan. Me ønskjer tilbakemelding frå interesseorganisasjonar og eventuell anna lokal kompetanse som kan tenke seg å vere med i planarbeidet.
For nærare spørsmål, kontakt Anne Sofie Sandvik på tlf. 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no