Fv. 46 Sandeid–Vikedal - Offentleg ettersyn

Detaljregulering for Fv. 46 Sandeid-Vikedal er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Frist for å sende inn merknad er 30. august.

Rogaland fylkeskommune

Føremålet er å utbetre dagens veg for betre ferdsle for bilar og mjuke trafikantar på den om lag 5 kilometer lange strekninga. Det er planlagt ny tunnel mellom Sandhammar og Kvernavika. Det er regulert naudsynt sideareal som mellombels bygge- og anleggsområde. 

Lenke til plansaka med dokument hos Rogaland fylkeskommune:

https://www.rogfk.no/politikk/horinger-og-offentlig-ettersyn/

Informasjonsdag

20. august på Vikedal bygdahus i Kyrkjehølsvegen 14, kan du kome innom oss med spørsmål og få meir informasjon mellom klokka:

  • 12.00 – 15.00
  • 16.00 – 18.00

Slik kan du bidra

Dersom du har relevante innspel, merknader eller opplysningar til planen kan du sende disse til Rogaland fylkeskommune i eit elektronisk skjema.

Du kan også sende merknader til planarbeidet på e-post til firmapost@rogfk.no, eller med post til Rogaland fylkeskommune, postboks 130, 4001 Stavanger.

Frist for å sende inn merknader er 30. august 2024. Merk sendinga di med saksnummer 2020/67599, samt fullt namn og adresse.

Vi svarer ikkje på innkomne merknader direkte, men samanfattar og kommenterer dei som ein del av det vidare planarbeidet. Merknadene vil saman med våre kommentarar følgje saka vidare til den politiske handsaminga av planforslaget. Vi gjer merksam på at alle merknader i utgangspunktet blir tilgjengeleg for allmenta.

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko kan du ta kontakt med planleggingsleiar Aage Steen Holm i Rogaland fylkeskommune på telefon 943 59 670, eller på e-post aage.steen.holm@rogfk.no. 

Planprosessen

Dette varselet er gjeve med heimel i plan- og bygningslova § 3-7, 3. ledd og § 12-10. Planprosess etter plan- og bygningslova § 3-7 betyr at Rogaland fylkeskommune sender planen direkte på høyring og offentleg ettersyn utan politisk behandling. Deretter justerer fylkeskommunen planen etter høyringsinnspel før den sendes til politisk behandling og sluttvedtak i Vindafjord kommune. Planen er konsekvensutgreia. 

Lenke til digitalt plankart