På yrkesmessa får ca 2500 elever moglegheit til å møta ca 60 utstillarbedrifter frå heile Haugesundregionen. Utstillarane er der for at elevane skal bli betre kjent med næringslivet og arbeidsmoglegheitane på Haugalandet, samstundes som dei også får informasjon om ting ein lurar på før ein skal ta val om vidare utdanning. Avgangselevane i Vindafjord var også til stades på messa saman med rådgjevar og lærarar.
Yrkesmessa var i Tysvær arena Haugesund sparebank
Nils Erik Eide
Yrkesmessa ønskjer å visa elevane breidda i vårt lokale næringsliv, og ein har samla utstillarar frå ulike bransjar. Dette for at ein skal gjera det enklere for elevane å finna ut kva moglegheiter ein har innanfor ein bransje eller eit fagområde, og her er moglegheitane mange.
Det er kommunane i Haugesundregionen som eig yrkesmessa gjennom Haugaland Skule og Arbeidsliv (HSA) og Tysvær Arena Haugesund Sparebank er teknisk arrangør. I år hadde kommunane eigen felles stand der fleire vindafjordingar prøvde så godt dei kunne å rekruttera til dei ulike yrkene me har.
Kommunane på Haugalandet hadde felles stand med flott banner.
Nils Erik Eide
Messa vert arrangerert i tett samarbeid med dei private opplæringskontora på Haugalandet, Karrieresenteret, HVL og rådgijevarane i ungdomsskulen og i den vidaregående skulen.
Tysdag 26. september blei det arrangert ope kveldsarrangement med eit inspirerande føredrag av Elaine Bloome, eit føredrag for både unge og vaksne som står på trappene til å skulle ta val, og vaksne som jobbar med unge vaksne, anten det gjeld utdanning og/eller karriereval. Korleis støtta dei unge til å ta gode val, og korleis vite kva ein skal velgja?
Kva er naudsynte karriereferdigheiter, karrierekompetansar og kva valkriterier er det lurt å leggja til grunn for gode val. Konkrete verktøy og metodar for å sortere og kartleggja kompetanse var også ein del av føredraget.
I tillegg til 10. klasse elevar og lærarar var også barnehage - og skulesjef Svein Carlos N. Gjil og kommunalsjef Nils Erik Eide på yrkesmessa. Dei deltok også på eit frukostseminar der Bente R. Døsen hadde føredraget "Skular med plass til alle i fellesskapet". Ho er prosjektleiar for inkludering og tilpassa opplæring i Rogaland fylkeskommune.
Barnehage- og skulesjef Svein Carlos N. Gjil var på besøk på yrkesmessa saman med kommunalsjef Nils Erik Eide. Her på standen til Deepocean.
Nils Erik Eide
Bente R. Døsen hadde føredraget "Skular med plass til alle i fellesskapet"
Nils Erik Eide
Ronny Sætre har jobba som rådgjevar i Haugaland skule - og arbeidsliv i mange år. Han har vore primus motor for yrkesmessa i denne perioden. Dette året var hans siste i denne rolla, han skiftar jobb om ikkje så lenge. Han var godt nøgd med arrangementet i år også.
Nils Erik Eide
Her kan du lese meir om Elaine Bloom
Les meir på yrkesmessa si heimeside
Haugaland skule og arbeidsliv si heimeside