Vertskap for stormøte i oppvekst
Nord R Oppvekst er eit møtepunkt for alle barnehage-/skulesjefar og kommunalsjefar for heile Haugalandet. Vindafjord er så heldige å få vera vertskap for desse møta, som tidlegare har vore i Tysvær.
Frå møte i Samarbeidsforum Nord R, eit forum som set tilsotsordninga på agendaen,
Nils Erik Eide
Sist fredag var det stormøte igjen med mange viktige overordna saker for regionen vår.
Sjølve møtedagen er delt opp slik:
Møte
|
Deltakarar
|
NordR skule,
reine skulesaker
|
Kommunal-/skulesjefar, rådgjevarar, regional kompetanserettleiar
|
Samarbeidsforum NordR,
felles tilskotsordningane
|
Kommunalsjefar Vindafjord, Utsira, Bokn, Suldal og Sauda. Barnehage- og skulesjefar Haugesund, Tysvær og Karmøy. 1 repr fra HVL, PPT, private barnehageeigarar, privat skule, fagforeining og Statsforvaltar. 2 regionale kompetanserettleiarar, observatørar.
|
NordR barnehage,
reine barnehagesaker
|
Kommunal-/barnehagesjefar, rådgjevarar, regional kompetanserettleiar
|
Kommunalsjef i Vindafjord Nils Erik Eide er leiar for Nord R skule, Nord R skule styringsgruppa og Samarbeidsforum Nord R. Leiar for Nord R barnehage er barnehagesjef i Tysvær Modgunn Sandvik.
Samarbeidsforum Nord R på rådhuset i Ølen
Svein Carlos N. Gjil
På dette møtet var den største saka godkjenning av regional plan for samhandling om kompetanse- og kvalitetsutvikling innanfor barnehage og skule Nord Rogaland 2023-2027.
Nord R møta har tidlegare vore i Tysvær i mange år, men i fjor vedtok ein at møta skal vera i Vindafjord framover då det er meir midt i regionen slik at Sauda og Suldal får mindre reiseveg, spesielt vinterstid.
Det er i alt seks slike møte i året, i tillegg til eit sommarmøte med overnatting. Her vert overordna saker og kompetanseutvikling sett på agendaen. Staten sine satsingar på ReKom og DeKom, samt kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, er viktig del av dagen.
Ei nettside er under utvikling, sjå her
Sist endra 11.09.2023 11.28