Vellukka fagettermiddag

Tysdag 20. november arrangerte barnehage- og skuleeigar fagettermiddag for assistentar og fagarbeidarar på Sandeid samfunnshus. På agendaen var det vergekurs ved inspektør Georg Opsal og den naudsynte samtalen ved barnevernleiar Turid Askeland. 

Barnevernleiar Turid Askeland og inspektør på Ølen skule Georg Opsal var dei interne ressursane som hadde programmet på denne fagettermiddagen Nils Erik Eide

Det var barnehage - og skuleeigar som arrangerte fagettermiddagen. - Dette er noko me vil prøve å ha annakvart år, me hadde ein liknandne fagettermiddag for denne viktige arbeidsgruppa for to år sidan. Då brukte me også lokale ressursar som føredragshaldarar, seier ein nøgd barnehage - og skulesjef Anita Jørstad Grindheim, som saman med kommunalsjef Nils Erik Eide stod for arrangementet. 

Les meir om fagsamlinga i 2022 her

Denne ettermiddagen møtte over 90 assistentar og fagarbeidarar frå skular og barnehagar, også dei private barnehagane var representert. 

Over 90 assistentar og fagarbeidarar møtte på fagettermiddagen på Sandeid samfunnshus Nils Erik Eide

Etter ein lang arbeidsdag stilte dei motiverte til denne samlinga, og kva smakte betre enn litt mat i oppstarten før barnehage - og skulesjef Anita Jørstad Grindheim ønskte velkommen og introduserte første førelesar, som var inspektør på Ølen skule Georg Opsal. Han har tatt fleire kurs i Verge og hadde eit minikurs for dei frammøtte, som bestod av litt teori og ein praktisk del, der ein fekk prøve seg på ulike vergeteknikkar. 

Her demonstrerar Opsal ulike vergeteknikkar på Idar Golf Nils Erik Eide

Les meir om Verge her

Etterpå dette var det tid for den naudsynte samtalen med barnevernleiar Turid Askeland, noko som såg ut til å fenga salen. Askeland snakka om viktigheita med å tørre å ta opp tema som ikkje alltid er så lette å snakka om, men som det er naudsynt å vera ærleg på til foreldre og føresette.

Den naudsynte samtalen var tema som barnevernleiar Turid Askeland hadde for assistentane og fagarbeidarane denne ettermiddagen Nils Erik Eide

Alt i alt ein vellukka fagettermiddag for denne viktige arbeidsgruppa i barnehage og skule. 

Her er plakaten som blei sendt ut