Ungdomsrådet engasjert i barnehage- og skulebruksplanen

I dag leia Eva Vatnedal Nordtveit sitt første møte i Ungdomsrådet. Barnehage- og skulebruksplansaka var naturleg nok den saka som engasjerte mest. 

Ungdomsrådet i Vindafjord behandla i dag barnehage - og skulebruksplan Nils Erik Eide

Dei dyktige og engasjerte ungdomane hadde mange gode spørsmål til administrasjonen, som i dag var representert av kommunalsjefane Kristin Marie Dahle og Nils Erik Eide. I tillegg var politisk sekretær Gunnbjørg Nesbu og politisk representant Steinar Skartland også til stades.

Ungdomane bad om gruppemøte, der dei vaksne humoristisk blei kommandert ut av rommet, slik at dei kunne snakke fritt saman om ei felles uttale til saka.

Her er Ungdomsrådet sin uttale til saka som blei samrøystes vedtatt i møtet i dag:

Ungdomsrådet stiller seg bak forslaget til kommunedirektøren om å leggje ned Bjoa og Imsland skule. 

Bakgrunnen for ungdomsrådets standpunkt i saka, er at rådet framleis synest det vil vere ein forsvarleg reiserute for elevane etter nedlegging av skulane Bjoa og Imsland. Ungdomsrådet meiner også at det vil bli eit betre miljø for elevane, både sosialt og læringsmessig. Det vil bli lettare å rekruttera kvalifiserte faglærar ved større skular med fleire elevar. Ved forslaget som er lagt fram håper ein å sjå eit utvida kollektivtilbod i bygdene.

Ungdomsrådet foreslår at bygdene som mistar skulen sin, vil få ein pott pengar dei kan bruke på å gjere bygda si meir attraktiv for innflyttarar, som ein kompensasjon for nedlegginga.

Sjølv om ungdomsrådet stillar seg bak forslaget til kommunedirektøren om å slå saman leiinga ved barnehagane på Bjoa til Ølensvåg og Imsland til Sandeid, så vil ungdomsrådet at det blir lagt fokus på å framleis drifte barnehagane i dei to bygdene i framtida.

Ungdomsrådet føretrekk kommunaldrift framfor privatdrift, og stiller seg bak forslaget om oppvekstsenter i Vats.

I dag leia Eva Vatnedal Nordtveit sitt første møte i Ungdomsrådet, som i dag behandla barnehage - og skulebruksplansaka. Nestleiar Sander Fuglestein og medlem Siren Matre Vårvik deltok også aktivt på møtet. Nils Erik Eide

 

 

 

Leiar i Ungdomsrådet synstest det var kjekt å leia rådet for første gong. Nils Erik Eide  

Journalist Jon Edvardsen, Grannar, møtte opp då Ungdomsrådet skulle behandla barne- og skulebruksplanen. F.v: John Marius Langeland, Tim Dentel, Erik Hjelm Fjellheim, Sander Nesheim Fuglestein, Eva Vatnedal Nordtveit og Frida Sandvik. Siren Vårvik Matre var ikkje til stades då bildet blei tatt. Nils Erik Eide  

Andre saker som vart behandla i dag var møteplan for Ungdomsrådet og årsmelding for 2021. 

Neste møte i Ungdomsrådet er 29. september 2022, før det planlegg administrasjonen opplæring.