Ung i Vindafjord gjennomført for 8. klassingar
"Ung i Vindafjord" er eit undervisningsopplegg om rus, helse og nettvett for 8. trinn. Dette er eit av punkta i SLT-handlingsplanen til Vindafjord kommune. Opplegget er gjennomført ved Skjold, Ølen og Vikedal ungdomsskular i perioden 15.03-03.05.23.
Her frå foreldremøte saman med elevar i Ølen
Inger Kathrine Sundve
Opplegget er gjennomført ved Skjold, Ølen og Vikedal ungdomsskular i 2023, i perioden 15. mars – 3. mai. Skjold var første skule ut, der dei starta sitt innleiande foreldremøte før påske. Ølen skule var neste skule ut før Vikedal skule var den siste til å avslutte med felles møte for elevar og føresette 3. mai.
Deltakarar:
- Elevar og føresette
- Lærarar på 8. trinn (inspektør og rektor) - deltek og følgjer opp mellomarbeid med elevane
- Oppvekstkoordinator / SLT-ansvarleg Inger Kathrine Sundve, deltek i alle klassar og foreldremøter
- Barnevernleiar Turid Askeland med på opningsmøte med føresette
- Helsesjukepleiar med i klassane ved Maria E Lilleskog i Ølen og Stine Hamre i Skjold
- Politiet Ole Martin Gjerland Myklebust med i klassane i Skjold og på avslutningsmøte med elevar og føresette Ølen og Vikedal
- Politiet v/Kristine H. Strand med på avslutningsmøte med elevar og føresette i Skjold og Ølen
- Ruskonsulent Elin Kvanvik med i klassen i Vikedal
SLT-arbeidet (samordning av rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid) i Vindafjord fokuserar på:
- Kva er dei største utfordringane for unge menneske i vår kommune?
- Kven av dei er spesielt utsett for å havna i enno større vanskar?
- Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistra livet sitt og unngå rus og kriminalitet?
Opplegget "Ung i Vindafjord" har tre tema med bakgrunn frå Ung Data "Korleis har me det i Vindafjord?"
Mål:
- Ungdommane skal vera kunnskapsrike og bevisste, gjera gode val og stå imot press.
- Det var godt engasjement og arbeid, både i gruppearbeid og dialog på foreldremøte og i klassane. Elevane har i tillegg arbeida godt i grupper på skulen og laga gode presentasjonar som syna det dei fann som viktigast dei har tatt med frå tema dei har vore innom. Føresette, lærarar og medelevar fikk sjå og høyre mange gode presentasjonar der elevar las og fortalte, viste dikt og bilete, podcast, teiknefilm, hadde kahoot og både film og musikkvideo med eigen tekst og musikk. Til og med eit lite teaterstykke blei sett opp, og ein litt skummel film er lagd, seier ein nøgd oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve.
Oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve var godt nøgd med gjennomføringa og innsats frå alle som deltok på Ung i Vindafjord opplegget.
Ellen Marie Hagevik
Handlingsplan SLT Vindafjord 2021-2023
Les meir om SLT her
Sist endra 05.05.2023 15.24