Tverrfagleg innsats for barn og unge
1.desember var det tid for å samle tråder i BTI-arbeidet i kommunen. Barnehage, skule, helsestasjon, PPT, barnevern og tillitsvalde hadde stikkord som BTI-handlingsrettleiar, stafettlogg, oppvekstreforma og kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis på agendaen.
Sven Gustafson går gjennom Ung Data 2022
Inger Kathrine Sundve
Etter ein gjennomgang av status i kommunen kunne me samanlikne oss med gjennomsnittet nasjonalt. Bjørn Roar Vagle frå Korus Vest hadde ein kort gjennomgang av ein samla rapport etter BTI undersøkingar i heile landet. Vindafjord gjennomførte BTI 0-punktsundersøking i 2017, og har plan for ny gjennomføring for å finne ut kva me er gode på og kva som framleis kan vera utfordrande.
UngData 2022 er også ein god indikator for innsatsen og spesielt Ølen vidaregåande har gode resultat å vise til her i Vindafjord. Sven Gustafson sa i sin gjennomgang av undersøkinga, som er frå ungdomsskule og vidaregåande, at resultata synleggjer eit godt grunnlag for barn og ungdom, også før dei kjem over til vidaregåande.
Dagen blei avslutta med webinar på bakgrunn av ny nasjonal rettleier "Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier", med påfølgande diskusjon og innspel om kva det har å bety for vår eigen praksis.
Sist endra 02.12.2022 15.12