Tilsyn med Vindafjord kommune som barnehagemynde er avslutta

Statsforvaltaren i Rogaland har gjennomført tilsyn med Vindafjord kommune som barnehagemynde i perioden februar 2024 og fram til i dag. I vedtak i juni 2024 blei kommunen pålagde om å rette brot på regelverket, noko Vindafjord i dag fekk beskjed om var gjort. 

Kommunalsjef Nils Erik Eide og barnehage-og skulesjef Anita Jørstad Grindheim - Klikk for stort bileteBarnehage- og skulesjef Anita J. Grindheim og kommunalsjef Nils Erik Eide var i Oslo i mars på KS konferanse om barnehagemynde og fortalte om kommunen sin erfaring med å vera i tilsyn. Modgunn Sandvik, Tysvær kommune

Vindafjord kommune har sendt inn utgreiing og erklæring om at forholda er retta. Det er sendt inn inn oppdatert ROS-skjema for registrering av hendingar og avvik. Som grunnlag for ROS-arbeidet i tilsynsnettverket viser kommunen til eigenrapporteringsskjema på kap. 8 i barnehagelova om psykososialt barnehagemiljø, og skjema for kommunen sin kvalitetsdialog med barnehagane. I referat frå tilsynsnettverket er det vist til gjennomgang av kvalitetsdialogane, og ein vurdering kring barnehagar som skal følgjast opp.

Statsforvaltaren meiner at systemet er eigna til at barnehagemynde får tilstrekkeleg kunnskap om korleis alle barnehageeigarane oppfyller sine plikter etter barnehagelova kap. 8, og at barnehagemynda kan bruke denne kunnskapen til å gjere risikovurderingar for å vurdere behov for rettleiing og tilsyn på kap. 8 i barnehagelova.  Basert på informasjon på nettsida om barnehagemynde, og i revidert avtale om tverrkommunalt samarbeid om rolla til kommune som barnehagemynde, meiner Statsforvaltaren det er sannsynleggjort at barnehagemynda gjennomfører rettleiing og tilsyn i tråd med risikovurderingar. Dette er i tråd med barnehagelova §§ 10 og 53.

Basert på Vindafjord kommune si utgreiinga og erklæringa legg Statsforvaltaren til grunn at forholda er retta og avsluttar derfor tilsynet. 

Vindafjord kommune samarbeidar med kommunane Sauda og Suldal (VISS) om felles tilsynsmodell. 

Her er VISS kommunane samla på KS konferanse i Oslo fv: Svein Carlos Gjil, Suldal, Tore Bastlien Dahl, Suldal, Anita J. Grindheim, Vindafjord, Jannicke H. Hatlen, Sauda og Nils Erik Eide, Vindafjord Emil Gunhildrud, Thon Oslo Airport

Les meir om VISS samarbeidet og anna som har med barnehagemynde her