Skulevegring på agendaen

Mandag og tysdag denne veka har PPT og fleire av Vindafjordskulane vore representert på Skolevegringskonferansen 2024 på Gardermoen. Skulevegring er aukande  både nasjonalt og lokalt. 

Trine Hebnes, Kari Synnøve Velde Haugen, Magnhild Hjertaker, Sonja H. Lærdal (PPT), Karina Kjetilstad og Monica Isaksen (Skjold skule), Hilde Pedersen, Beate Årekol (Vats skule), Annika Andreassen, Georg Opsal og Hilde Berge (Ølen skule) Anne-Caroline Gudem

Skulevegring er aukande  både nasjonalt og lokalt. Deltakerane fekk innblikk i utfordringar i Sverige, som kan relaterast til norske forhold. Ein peikar på at elevar opplever aukande stress i velferdsystemet og at skulane har vanskar med å tilrettelegge for dei som strevar. 

Konferansen var variert og gav deltakarane ulike perspektiv på både individ og systemnivå knytt til utfordringar med skulevegring. Kunnskap, fokus på foreldresamarbeid og utgangspunkt i elevens stemme er vesentleg om ein skal lukkast. Å jobbe med førebygging og tidleg innsats, er avgjerande i arbeidet med å auke nærvær på skulen for alle elevar. I dei mest kompliserte sakene er nøkkelen samhandling og tverrfagleg innsats for å få elevane tilbake på skulen. 

Konferansen gav mange eksempler på korleis enkelte kommunar har jobba for å lukkast med å få elevar tilbake på skulen eller hindra utvikling av skulevegring. Dette var nyttig å ta med seg heim. 

Vindafjord kommune har saman med Etne kommune tidlegare utarbeida ein rettleiar:

Skulenærvær- kvar time tel (PDF, 2 MB)

Det vil etter konferansen bli sett saman ei gruppe som ser på denne rettleiaren for å revidere den slik at den blir oppdatert på siste kunnskaper og tiltak om tema. 

Sonja Hundseid Lærdal, PPT leiar Vindafjord kommune