Samhandling om barn og elevar si læring og utvikling
Endeleg var det klart for eit felles barnehage- og skuleleiarmøte saman med PPT for kommunane Etne og Vindafjord. Agenda for samlinga på Rådhuset i Ølen var ny modell for samarbeid PPT barnehage/skule.
Litt av opplegget var presentasjon av "ny" modell for tidleg innsats. Her frå gruppearbeidet, f.v Anita J. Grindheim og Sonja H. Lærdal.
Nils Erik Eide
Etne og Vindafjord har felles PPT kontor og denne felles temadagen i Ølen vart lagt opp til både førelesing, gruppearbeid og med rom for avklarande spørsmål. Samhandling for barnet/eleven si læring og utvikling. Barnehagelova og Opplæringslova seier at kommunen skal sørgja for at opplæringa og utviklinga er tilpassa det enkelte barn og den enkelte elev (bhg.l §31/Oppl.l §11-1 og 11-2).
I og med at Etne og Vindafjord har felles PPT kontor så er det veldig viktig at kommunane jobbar likt og har felles rutinar for arbeidet med barn og unge.
Dette var starten på ein arena der både Etne og Vindafjord sine leiarar innan oppvekst har felles temadagar for barn og unge si utvikling på tvers av kommunegrensa.
Bhg/skulesjef Anita J. Grindheim, PPT leiar Sonja H. Lærdal og kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide, Vindafjord, her saman med kommunalsjef oppvekst og kultur Mona R. Sævik frå Etne. Dei var alle nøgde med dagen og at det endeleg var duka for eit fellesmøte for einingsleiarar bhg/skulel og PPT.
Pål Askvig
Sist endra 06.03.2025 12.31