PPT arrangerer ASK nettverk
Hausten 2021 startar PPT opp med nettsverksamlingar i Etne og Vindafjord kommune med fokus på ASK (alternativ og supplerende kommunikasjon).

Barnehagar og skular som jobbar med ASK eller skal byrje å jobbe med ASK blir invitert til å delta på samlingane. Det er tenkt 4 nettverkssamlingar pr år, 2 om hausten og 2 om våren.
Tanken bak nettverkssamlingane er å auke ASK kompetansen i dei to kommunane. Alle treng litt fagleg påfyll og motivasjon til å drive både seg sjølv og andre framover i dette arbeidet. Det blir oppmoda til delingskultur og refleksjon på eigen praksis.
Tema for nettverka vert:
- Kva er ASK og kvifor og korleis komme i gong med å jobbe med ASK i kvardagen?
- Kva kunnskap og erfaring har me lokalt?
- Kva ønsker har de til innhald i nettverksmøta?
Det vert besøk av NAV hjelpemiddelsentral og habiliteringa som skal vise kva som finns av ulike hjelpemiddel.
Les meir om ASK her.
Sist endra 25.08.2021 08.39