På synfaring i Vats barnehage

Sist veke var det synfaring i Vats barnehage for Hatteland/Nausthaugen barnehage, som skal leige bygget og drive privat etter at den kommunale barnehagen vert avvikla frå 15. august. 

F.v Inger Kathrine Sundve, Halfdan Krohn-Brekke, Tore Hope, Kristian Grunnaleite og Linda Nordtveit Nils Erik Eide

Til stades på synfaringa var Tore Hope og Kristian Grunnaleite frå Hatteland, konstituert styrar Inger Kathrine Sundve, kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn-Brekke, ingeniør bygg og eigedom Linda Nordtveit og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide. 

Einingsleiar Inger Kathrine Sundve og ingeniør bygg og eigedom Linda Nordtveit leia alle gjennom bygget og uteområdet. 

Synfaringa var konstruktiv og Hatteland synest det såg bra ut for den perioden dei skal leige for. Det var rom for spørsmål og andre praktiske avklaringar. 

Nausthaugen overtek bygget frå 15. august og skal drive avdelingar i Øvre Vats i tillegg til eksisterande bygg i Åmsosen. Når det nye bygget er ferdig over nyttår ein gong så vil Nausthaugen flytte over alle barna som går i Vats barnehage til “nye” Nausthaugen. Styrar i Nausthaugen Åshild Blikra har hatt god dialog med Inger Kathrine Sundve om overgangen i haust. 

Synfaringa var både inne og ute. F.v Inger Kathrine Sundve, Linda Nordtveit, Tore Hope, Halfdan Krohn-Brekke og Kristian Grunnaleite Nils Erik Eide