På plass som ny barnehage- og skulesjef

Etter ein velfortent sommarferie starta Anita Jørstad Grindheim i si nye stilling som barnehage-/skulesjef denne veka.

Anita Jørstad Grindheim starta denne veka i ny jobb som barnehage- og skulesjef. Nils Erik Eide

Jørstad Grindheim kjem frå jobben som einingsleiar for Sandeid oppvekstsenter, ein jobb som Inger Kathrine Sundve no har overtatt etter ho. 

Vår nye barnehage-/skulesjef har kontor på rådhuset og har det overordna ansvaret for barnehage og skule. Ho overtek jobben etter Svein Carlos Gjil, som no er kommunalsjef for oppvekst i Suldal kommune. Pål Askvig har vore konstituert barnehage- og skulesjef sidan april.