På nasjonalt nettverk for betre skulemiljø

Denne veka har fleire medarbeidarar frå skule og PPT deltatt på SNU konferansen i Haugesund, som er eit nasjonalt nettverk for betre skulemiljø i regi av Vågen læringssenter.

Oliver Lovrenski gjorde inntrykk på salen med sine sterke historiar frå oppveksten sin i Oslo. Nils Erik Eide

Temaet for seminaret var psykisk helse og hadde tittelen “Mestre å være - klar for å lære”.

Statsforvaltar Bent Høie opna konferansen. Han gav ordet vidare til Arne Holte som holdt føredraget «Slik fremmer vi psykisk helse, forebygger psykiske lidelser og får en mer fornuftig samfunnsøkonomi». 

Etter lunsj var det Beate Gauden, RVTS vest, som brenn for alle dei barn og unge som blir misforstått, og heiar på magien når trygge traume-bevisste vaksne blir døropner til tryggare kvardag for våre barn og unge. 

Ingrid M. Bruun haldt fram på ein fantastisk god, nærverande og reflekterande måte formidla  det å gå frå  dødsglede til livsglede.

Forfattar Oliver Lovrenski, som har skrive suksessromanen «Da vi var yngre» opna dag 2. Han utheva kor viktig det er for barn og unge å lese mykje. Han sa også at barn og unge vil ha ansvar, så han oppmoda alle som var i salen til å gi elevane meir ansvar. 

Cecilie Evertsen frå Universitetet i Stavanger hadde eit fengslande føredrag om samspelet si betydning for barn si utvikling av robust psykisk helse. 

Cecilie Evensen formidla sitt bodskap på ein framifrå måte Nils Erik Eide

Ole Martin Moen, professor i helsefaglig etikk ved OsloMet,  snakka om at det norske skulesystemet utset barn for systematisk omsorgssvikt og om presentasjonene til elevane frå 12-årsalderen blir gjort bestemmande for barna siner vidare moglegheiter i livet. 

Ole Martin Moen, Oslo Met Nils Erik Eide

Som eit fantastisk avsluttande innslag fekk ein høyre Linda Øye som tok publikum med inn i ein verden av tabuar og ho normaliserte det å vera annleis gjennom humor og musikk. “Åpen dag på lukket avdeling”, eit humoristisk show om psykisk helse. Linda Øye hadde med seg musikar Sveinar Heskestad i showet, dette for å sikra ein god balanse mellom historieforteljing og musikk.

Linda Øye fenga publikum med sitt show "Åpen dag på lukket avdeling saman med musikar Sveinar Heskestad Nils Erik Eide

Tidlegare ordførar på Karmøy Jarle Nilsen var konfransier og losa deltakarane gjennom konferansen på ein god og humoristisk måte.