Elevar frå Vindafjordskulen hadde teikna flotte teikningar som var ein raud tråd under konferasen på presentasjonar og utstilling. Denne teikninga er frå elev Imsland skule.
Nils Erik Eide
I foredraget «Veien inn og ut av et kriminelt miljø» fortalde Ghulam Abbas om si reise frå å vere leiar av B-gjengen til å ta master i sosialt arbeid. Konferansen vart leia av utdanningsdirektør Marianne Skogerbø.
Utdanningsdirektør Marianne Skogerbø loste deltakarane gjennom konferansen på ein fin måte som konfransier. Teikninga i bakgrunnen er frå elev Imsland skule.
Nils Erik Eide
Barns beste var forankra i både Grunnlovens § 104 og FNs barnekonvensjon, artikkel 3, som forplikta oss til å ta omsyn til barn og unge i alle livets situasjonar. Barneombudet sitt verktøy for å vurdere barns beste vart presentert, og Bufdir gav innføring i rapporten «Kartlegging av medvirkning på systemnivå» frå Rambøll. RVTS bidrog med kunnskap om korleis ein skulle snakke med barn.
Årets konferanse sette også fokus på barnekonvensjonens artikkel 19, som handla om friheit frå vald. Ghulam Abbas, som no jobba som miljøarbeidar og tok master i sosialt arbeid, ville bidra til betre forståing for kvifor barn og unge hamna i negative miljø og kor vanskeleg det kunne vere å finne ein veg ut. Han la vekt på integrering, utanforskap, rasisme, gjeng, språk og vennskap/fellesskap som sentrale faktorar.
Ghulam Abbas er tidlegare omtalt som leiar av B-gjengen.
Nils Erik Eide
Stiftelsen Tryggere presenterte arbeid med å førebyggje vald gjennom å etablere ein trygg psykologisk grunnmur. Uteseksjonen i Stavanger kommune gav innblikk i arbeid med HKH-metoden, hurtig kartlegging og handling.
Statsforvaltaren, som arrangerte konferansen, tok tidlegare i vår kontakt med Vindafjord om elevar kunne teikne bilder til konferansen. Det gjorde dei og teikningane gjekk igjen på presentasjonar under konferansen. Det var stas.
Elevar frå 4.-7. klasse Vågen skule hadde ramma inn teikningane sine, dei stod utstilt slik at alle kunne sjå dei
Nils Erik Eide
Takk til Statsforvaltaren for nok ein lærerik og interessant oppvekstkonferanse. Veldig godt og proft arrangement med viktig tema på agendaen.